Gut (10) skadd på skitur

Ein gut blei henta med luftambulanse etter ei skiulukke i Stryn søndag ettermiddag.
Nyheter

Vest politidistrikt melder om ei ulukke på Randastøylen i Stryn kommune søndag. Ein gut på cirka 10 år skal ha køyrt på ski inn i eit tre og skada seg.

Skadeomfanget var søndag ettermiddag ukjent. Guten skal ha smerter, men ifølgje politiet skal han ikkje ha vore medvitslaus.

Luftambulansen er på staden og tek hand om guten, melder Vest politidistrikt.