Politiet i Vågsøy har siste vekene etterforska eit utslepp på den populære badestranda Refviksanden. Ifølgje Fjordenes Tidende er ein bonde no mistenkt for å vere skuldig i utsleppet (abonnementsak)

Det var først mistanke om at forureininga kom frå eit fly, men politiet meiner no at utsleppet kom frå ein 1000 liters dieseltank på ein gard i nærleiken.

Den mistenkte bonden nektar for å ha noko med utsleppet å gjere, opplyser politioverbetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor til avisa.