Norled får to ferjesamband

Fjord1 ser ut til å miste Festøya-Solavågen frå 2020.

E39: Festøya ferjekai.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Statens vegvesen har innstilt Norled som vinnar av anbodskonkurransen om ferjedrift på E39 Festøya-Solavågen og riksveg 651 Volda-Folkestad.

I evalueringa er pris vekta 70 prosent og miljø 30 prosent, opplyser Vegvesenet. Fire reiarlag leverte tilbod.

På pris har Stavanger-reiarlaget Norled klart slått dei andre i konkurransen, viser ei oversikt frå Vegvesenet. Norled skal ha i overkant av 1,5 milliard kroner for drifta, medan Fjord1 og Boreal Sjø ville ha 2,0 mrd. kroner. Torghatten Trafikkselskap la seg på 2,3 mrd.

Kontrakten gjelder drift av to elektriske ferjer og ei hybridferje på sambandet mellom Festøya og Solavågen. Her skal det vere avgang kvart 20. minutt. På sambandet mellom Volda og Folkestad skal det vere éi elektrisk ferje, med avgang kvart 40. minutt. Dette sambandet er trafikkert av Norled også i dag. Den nye kontrakten gjeld frå 2020 og i ti år framover.

Klagefristen for tilbydarane er 24. april.

– Kontrakten vil bli underskriven når fristen har gått ut, skriv Vegvesenet.