Helse Møre og Romsdal:

Ambulansestasjonar kan bli flytta

Ambulansestasjonar på Sunnmøre kan bli flytta for å nytte ressursane betre. Mellom anna kan det kome ny stasjon i Ålesund sentrum.

RESPONS: Responstid og kvaliteten på behandlinga er dei to sentrale faktorane når liv er i fare. I 2030 vil det vere betydeleg fleire oppdrag for ambulansane i Helse Midt-Norge enn det er i dag. Illustrasjonsfoto. 

Nyheter

Det kjem fram i ei fersk beredskapsanalyse for ambulansetenesta i Midt-Norge, som er utført for Helse Midt-Norge. Rapporten analyserer responstid og ressurstilgjenge fram mot år 2030, og skal vere eit verktøy for helseføretaka som har driftsansvaret for ambulansetenestene.