Bar, badestamp og 21 overnattingsplassar om bord

Storsatsing på lita skiferje i Hjørundfjorden

– Eg er sikker på at dette vil lukkast. Heilt sikker.

Vi har funne ein nisje det kan svinge av

Oddvar Olsen
Nyheter

Det seier Roy Lillebø, ein av fleire som står bak det nye reiarlaget Fjord Exploring. Akkurat som den no nydøypte gamleferja «Slogen», får også reiarlaget bak ho base på Sæbø ved Hjørundfjorden. Omtrent rett tvers av ikonfjellet Slogen (1.564 m).

Slogen og Hjørundfjord

Då skyssbåtførar Oddvar Olsen for om lag eit tiår sidan kjøpte skyssbåt, fekk båten namnet «Hjørundfjord». Seinare opplevde han at Fjord1 knabba namnet – og sette det på ei av sine nye ferjer i sambandet Festøya–Solavågen.