I sakspapira til styremøte i helseføretaket onsdag 18. april skriv direktøren at det er stor risiko for at ein ikkje vil nå budsjettert resultat. Etter årets tre første månader ligg Helse Møre og Romsdal 1,9 millionar kroner etter budsjett. Resultatet for mars isolert er positivt.

Intensive tiltak

I september i fjor starta Helse Møre og Romsdal eit arbeid for å sikre at klinikkar og stabsavdelingar gjennomfører budsjettvedtaka og tilpassar drifta etter budsjettet. Erfaringane med dette arbeidet gjer at direktør Espen Remme no sett i verk spesialtiltak for to klinikkar som har særleg store utfordringar med å halde budsjettet:

Klinikk for akuttbehandling og klinikk for kirurgi får eit eige intensivert oppfølgings- og støtteprosjekt, heiter det i orienteringa til styret i helseføretaket. Målet med det heile er å sikre økonomisk balanse for desse to tunge klinikkane i 2018.

«Prosjektet vil mellom anna innehalde driftsomleggingar for betre utnytting av operasjonseiningar, reduksjon i lønskostnader, operasjonalisering av tiltak som er vedtekne i utviklingsplanen, greie ut alternative modellar for fordeling av pasientinnteker...», heiter det i sakspapira for styret. Ein detaljert prosjektplan skal drøftast og forankrast i leiargruppa på eit møte i dag, tysdag.

Ferietrøbbel

«Det blir også meldt om mangel på helsepersonell inn mot ferieavviklinga, noko som gjer at det kan bli dyre løysingar for å gjennomføre ferien samtidig som ein skal halde oppe beredskapen på fire sjukehus», heiter det i sakspapira. Helseføretaket har tidlegare identifisert pleiarmangel som ei av dei store økonomiske utfordringane. Ferieavvikling, mangel på kvalifisert personell og kostbar innleige av personell for å halde oppe beredskapen, er ein situasjon Helse Møre og Romsdal ikkje ynskjer å vere i.

Det andre styremøtet for det ferske styret i Helse Møre og Romsdal skal haldast her på Volda sjukehus onsdag. Foto: Knut Arne Aarset