Rettssak stenger veg

  Foto: Anne-Mari Tomasgaard

Nyheter

Fylkesveg 60 vert stengt på strekninga Blindheim til Ytre Tandstad torsdag 19. april 2018 frå klokka 09.45 og framover til seinast 12.00.

Vegen vert stengd for gjennomkøyring i den tida Sunnmøre tingrett har synfaring i Tynesstranda mellom Blindheim og Tandstad.

Under synfaringa er det berre offentleg transport samt naudetatane som vil sleppe gjennom.