Må i fengsel etter køyretur i 133 km/t

I 133 km/t susa den unge bilføraren over Vegsundbrua med passasjer i bilen. No er han dømd til fengsel.

Illustrasjonsfoto: Nikolas B. Farstad. 

Nyheter

Sunnmøre tingrett har dømt ein 21-åring til 14 dagar i fengsel etter at han blei teken i fartskontroll om kvelden 10. april i år.

I dommen går det fram at mannen har tilstått at han køyrde i 133 km/t over Vegsundbrua, på Sula-sida. Staden der han blei teken har 70-sone.

Retten har også bestemt at mannen skal miste førarkortet i 20 månadar.

Han må opp til full ny førarprøve om han vil ha førarkort igjen.


Vegsund, natt til onsdag:

Mista førarkortet etter 133 km/t i 70-sone

Politiet med fartskontroll på Vegsundbrua.