Skodje-ordføraren vil ha fortetting:

Trur høghus er løysinga for å behalde butikkane

Dersom Skodje sentrum skal behalde butikkane, blir det nødvendig å fortette bustadane, meiner ordførar Dag Olav Tennfjord.

Fire etasjar: Første bustadblokk i Skodje med fire etasjar kjem her i skogkanten. Eigentleg var det tenkt fire blokker med tre etasjar. No blir det i staden tre blokker med fire etasjar, og meir ope rom imellom, seier ein engasjert ordførar Dag Olav Tennfjord. Å gje plass til grøne område imellom blokkene må vi ikkje vike på, understrekar han.  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Første bygg med fire etasjar er vedtatt i Skodje. Og det stoppar ikkje med det, trur ordførar Dag Olav Tennfjord.