Dette seier Kjell Idar Saure, med fleire tiårs fartstid som kraftkjøpar og analytikar hos Tussa Energi as. Saure registrerer at lokal magasinfylling og kraftproduksjon kan ha ein del å seie for resultatet til det einskilde selskapet. Men kraftprisen ut til kunden, han er no mykje meir europeisk og internasjonal enn lokal og nasjonal.

– Ja, dette har endra seg veldig i takt med utbygginga av det store transportnettet dei siste få åra, konstaterer Saure.

– Ørskog-Fardal gav effekt

– Kvar står den tidlegare mykje omstridde 420 kilovolts linja – mellom Fardal i Sogn og Ørskog her på Sunnmøre – i bildet?

– Linja verkar heilt konkret til å styrke den nye straumflyten eg snakkar om. Og ho verkar også til å sikre forsyninga i eit stort område.

Fossilt brensel trumfar vatn

Saure registrerer at det felles nettet og samarbeid i Skandinavia gjev meir stabil straumpris over tid. Og då er det også i langt mindre grad vassforsyninga til kvart kraftverk i kvar region som er avgjerande.

– Med den vide flyten som er i marknaden no, så er det faktisk brenselskostnaden til ei kvar tid for dei kolfyrte kraftverka i Europa som set standard. Vindkraft er også stort, og kan gje kraftige, kortvarige utslag. Dette er noko vi sjølvsagt ikkje rår det minste over lokalt, innser Saure. Men det må framleis drivast teknisk og taktisk godt lokalt for å få maksimalt ut av produksjonsgrunnlaget lokalt: Reint smeltevatn og regnvatn ned fjellsidene.

Luresnø i fjella – målte 250 cm

– Korleis er status akkurat no, etter det som må ha vore ein veldig snøvinter?

– Ein må ikkje la seg lure av snødjupna som er målt. Det har nemleg vore lange periodar utan nedbør etter jul, noko som gjer at snøen ikkje har sett seg.

– Såleis har vi ein situasjon der vi kanskje ligg litt under normalen for snømengd, fortel Saure. Han seier det vart målt snødjupner på opptil 2,5 meter av Tussa i Hornindal i vinter.

Kontroll på vårflaumen

Dermed er vasskraftprodusentane på Sunnmøre heilt nede på jorda, når det gjeld smeltevatn som skal gjennom turbinane, og også vårflaumen.

– Snøsmeltinga er godt i gang, ho skaut fart i den varme perioden vi hadde for eit par veker sidan.

– Dermed ventar vi heller ikkje vårflaum på meir enn 90 prosent av eit normalår i vekene framover, fortel Saure.

Mjølkekua på Bjørke kviler

– Er lokale kraftselskap å rekne som sjakk matt i forhold til å sikre seg best muleg straumpris?

– Nei. Vi må jo optimalisere drifta ved kvart einskild andeegg. Tussa har til dømes nede hovudanlegget vårt på Bjørke ein lengre periode. Dette for naudsynt vedlikehald og reparasjonar, men ikkje minst for å optimalisere drifta på alle tenkjelege måtar, fortel Saure. Mellom anna vert det installert nærare hundre ulike sensorar, som skal gje full kontroll med alt som skjer i anlegget der langt inne i fjellet. Tussa på Bjørke leverer 260 GWh av selskapet sin totale produksjon på 663 GWh.

– Ein annan ting vi gjer er å styre produksjonen i høve dag/natt og helg. Det er høgare pris om dagen og i helga.

Kjell Idar Saure har følgd ei rivande utvikling på straumflyten i samfunnet. Foto: Vagn Scheide Mork
Også elvekraft som frå Buset kraftverk i Årsetdalen på Vartdal er no meir prisgidde prisen på kolfyrt kraft. Arkiv: Knut Arne Aarset. Foto: Knut Arne Aarset