Fleire tusen deltok då Bygdepride-paraden gjekk gjennom Volda i kveld.

Blant dei påmelde var fagforeiningar, politiske parti, idrettslag, kristelege organisasjonar, studentorganisasjonar og russen. Dei to største var VTI Fotball og Ørsta IL Fotball. I tillegg blei alle som ikkje meldte seg på gjennom ein organisasjon oppmoda om å møte opp og gå. Kulturminister Trine Skei Grande og landbruksminister Jon Georg Dale gjekk også.

Paraden starta ved Volda Omsorgssenter klokka 18.00 og gjekk til Propellhallen der det vart holdt appellar.

Samleside: Alt om Bygdepride her

Prideflagga flagrar i vinden i Volda før paraden fredag kveld. Foto: Anne-Mari Tomasgard