Avfall frå Innvik AS i Stryn blir til råvarer hos ny, dansk bedrift:

Gjenbruk av møbeltekstilar

Før hamna avkappa tekstilrestar hos Innvik AS i søppelcontainerar. No blir det til nye produkt. Dei neste ut kan bli møbelbransjen.

AVFALL: Arve Haugen og Bjørn Aage Haugen fyller opp ei kasse med avfall frå tekstilproduksjonen hos Innvik AS i Stryn. No skal det til bedrifta Really i Danmark, og bli omskapt til nye produkt. Det fortel Really-direktør Wickie Meier Engström.  

Nyheter

– Det kostar oss noko, og det kostar miljøet noko, at vi har sendt tekstilrestane til forbrenning. No kjem restane til nytte. Det forsterkar berekrafta i forretningsmodellen vår, seier Bjørn Aage Haugen.