Ein bil med to personar i har køyrt utfor vegen ved Vikemyra i Ulsteinvik, melder politiet.

– Utforkøyringa har skjedd på ein kommunal veg, og klokka 22 fekk vi beskjed om at bergingsbil vil vere på staden ved 22.30-tida,  seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl.

– Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar som følgje av hendinga, legg han til.

Ifølgje politiet har bilføraren sagt at fokus på noko anna enn vegen var årsak til utforkøyringa.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.30 søndag.