Og det setter snuten mot Danmark. «Gitte Henning» er ein kombinert trålar/snurpar med RSW-tankar for nedkjøling og lagring av fangsten, og er det største pelagiske fiskefartøyet i sitt slag.

- Fartøyet er også svært påkosta interiørmessig og held ein høg standard i forhold til kva ein ser elles i fiskeflåten, seier Olav Tanber, konstituert adm. direktør ved Kleven.

«Gitte Henning» forlèt Kleven Verft fredag og går sørover til Danmark. Laurdag ventar dåpsgjestar og publikum i Skagen, der reiarlaget Gitte Henning AS arrangerer dåp og open båt ved Toldpier i Skagen Hamn.

Fartøyet er av typen SALT 0155, og er utvikla i nært samarbeid mellom reiar, designer Salt Ship Design AS og Kleven. «Gitte Henning» har ei lengde på heile 90,5 meter og ei breidde på 17,5 meter, med mykje utstyr frå norske leverandørar om bord, blant anna frå Scana Volda, Brattvåg Electro, MMC, Brunvoll, Mare Safety, Karmøy Winch, Rolls-Royce og Sperre.