– Vi har eit lite håp om at politikarane går for å halde oppe drifta av skulen også i komande skuleår. Fleire politikarar verkar å vere på glid.

Det seier Vibeke Skinnes Hauge, FAU-leiar ved Tandstad skule i Straumgjerde.

– Innsparingane ved å leggje ned skulen og sende elevane med buss til Sørestranda skule på Ikornnes er høgst usikre. Derimot kan ein spare på å gå frå firedelt til tredelt skule her på Tandstad, legg ho til.

FAU-leiaren seier at det mellom anna må gjerast nokre utbetringar på Sørestranda skule, mellom anna må leveringsområdet utbetrast.

– Dessutan ser vi på trafikksikkerheita. I dag bur nesten alle 46 elevane ved Tandstad skule på same side som skulen, og dei kan gå dit. Blir dei overført til Sørestranda skule må absolutt alle køyrast dit i buss – og dei på ein smal veg.

Synes det går for fort

Foreldre ved skulen er også opptekne av at heile prosessen går for fort, og at det ikkje blir lett å handtere ei flytting allereie til komande haust.

– Mellom anna er det ikkje laga til eit opplegg for skuleskyss enno, seier Vibeke Skinnes Hauge.

– Ei utsetjing vil vel berre føre til at det kjem eit nytt framlegg om nedlegging neste år?

– Jau, men det er betre enn ei nedlegging allereie no. Då får vi betre tid på oss til å førebu ein kamp for å behalde skulen.

– Vil bygda verkeleg gå nedanom og heim utan eigen skule?

– Det vil gå nedover med Straumgjerde utan skule og barnehage. Eg hadde til dømes aldri bygd meg hus her, om det ikkje hadde vore slike tilbod i bygda, seier FAU-leiaren bestemt.

Næringslivet er uroa

Fleire i det lokale næringslivet i Straumgjerde er også uroa for framtida til bygda om skulen forsvinn.

Ein av dei er Håvard Tandstad, som både er dagleg leiar i Møbeltre AS og i Stjernemadrassen AS:

– Skulen er sjølve limet i bygda. Eg trur det blir færre å velje mellom og vanskelegare å rekruttere nye tilsette om det ikkje er skule her i bygda, seier Håvard Tandstad.

Han legg til at fram til no er ledige hus raskt blitt seld til nye. Tandstad fryktar det ikkje blir like lett i framtida, om skulen forsvinn.