Formannskapet i Sande vedtok måndag innstillinga frå helse- og oppvekstutvalet i den betente skulesaka. Det går ut på å legge ned Gjerdsvika og Sandsøy skular frå hausten 2019. Desse elevane må i tilfelle reise til høvesvis Gursken og Kvamsøya.

Vil fremme nytt forslag

Kommunestyret får saka på sitt bord 23. mai og då kan det bli omkamp om å få behalde skulane på begge øyane. Frp-politikar Marion Bringsvor trur ikkje kampen er tapt om å behalde skule både på Sandsøy og Kvamsøy.

– Nei, eg trur ikkje det. Vi er fleire som har snakka om at vi må kome saman om dette, seier Bringsvor til Sunnmørsposten.

Ho fremma forslag i formannskapet om å berre legge ned Gjerdsvika skule, men fekk berre si eiga stemme for dette.

Bringsvor vil jobbe for å få fremma eit nytt forslag om øyskulane ho håpar kan få fleirtal i kommunestyret.

Skal vurdere meir IKT-bruk.

Ordførar Dag Vaagen (H) nytta si dobbeltstemme til fordel for innstillinga frå helse- og oppvekstutvalet framfor det originale framlegget frå rådmannen.

Begge desse framlegga innebar at Gjerdsvika og Sandsøya skular vert lagt ned, men utvalet ville ha med at ein skulle greie ut om utvida bruk av informasjonsteknologi i sandeskulane, kan gi betre ressursutnytting.

Når ei slik utgreiing er gjennomført, skal ein vurdere om resultatet gir grunnlag for å bruke skulane både på Sandsøy og Kvamsøy. Ein skal også sjå på moglegheitene til å spare ved å flytte mellomtrinna frå Larsnes til Gursken skule.

Stort engasjement

Det har vore stort engasjement kring saka om ny skulestruktur i kommunen og 31 uttaler er kome inn etter at saka har vore på høyring. Dei låg ved saksframstillinga til formannskapet, saman med rapporten frå prosjektgruppa som har jobba med saka.

Prosjektgruppa slår fast at det er ikkje er mogleg å nå tidlegare sette mål om innsparing, utan å gjere grep med strukturen. Ein av modellane som har vore diskutert, er å samle elevar frå heile kommunen ved ein felles skule på Larsnes – den såkalla modell C. Det ville gitt klart større innsparing – om lag 6,5 millionar kroner årleg. Modell B, som no ligg an til å få fleirtal, vil ein spare kring 4 millionar kroner årleg.