Ifølgje eit vitne Sunnmørsposten har vore i kontakt med, så var det ein presenning frå ein lastebil som sat seg fast. Det same vitnet seier at lastebilen køyrde vidare etter at presenningen festa seg i vifta.

– Ein presenning og stenger frå ein lastebil tok oppi ei vifte, og vart vikla inn. Presenningen vart hengande over vegbana i retning Ulstein mot Ørsta, opplyser operasjonsleiar Arild Reite i politiet.

Lastebilen var av typen som ikkje er lukka, men har eit såkalla kapell.

Andre retninga vart også stengd, men etter kvart opna for dirigering. Då ein lift vart send ned for å ordne opp, vart heile tunnelen stengd på nytt.

– Korleis kan ein lastebil ta i taket i ein tunnel?

– Det veit eg ikkje sikkert per no, men noko er gjort feil.

Det vert truleg oppretta politisak mot sjåføren, men det er framleis usikkert om dette vil føre til nokon reaksjon.

For høg

Per Morten Trymer, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Midt, stadfestar at det var ein presenning som vart sogen inn i vifta, men han kan ikkje gi eit fullgodt svar på korleis det kunne skje.

– Lastebilen må ha vore for høg for tunnelen, seier han.

Ifølgje Trymer vart vifta ikkje skadd i uhellet, men det skal ha vore tidkrevjande å få presenningen ut av den.

Tunnelen var stengd i ein time og tjue minutt, frå 13.13 til 14.33.