Kraftig kontrast til treffet i juni for 18 år sia: Då låg Prestebrygga kvit av hagl og orkankast svinga ein førti fots container rett over taket på ein utstilt buss, grøssar Ola Rangsæter i Rutebilhistorisk Forening Sunnmøre.

– Påmeldinga i år vart som venta. Rundt 70. Nokre fråfall er vanleg. Somme melder seg på i håp om å få ferdig bilen, og så går eitkvart skeis i siste liten.

I år fekk ein buss frå Sogn problem. Elles kom alle som byrja på turen hit fram, legg han til.

Rangsæter melder om stabilt medlemstal og god drift. Dei skulle gjerne vore endå fleire og kan hende endå fleire yngre.

– Men motorhistorie krev ei viss mogning, minner han om.

Mogen må vi seie sunnmøringane sin siste buss er også: Klubben vart oppringt frå Fjørtofta i fjor, der det i nærare tretti år hadde stått lagra ein Scania 56 frå 1964. Med reg. nr. T-1232.

Under lett falma raudfarge på skulebussen finn vi spor av kremgul og plommeraudt.

– Ole K. Uhlen opererte bilen i ruta Skodje – Engesetdal – Ålesund. Den vart kjøpt av SRB og så selt vidare med det same til Otterlei på Fjørtoft i 1977, fortel Alf Oddvar Aamaas.

Han er «fadder» og skal eige vogna i lag med RHF Sunnmøre.

– Etter vi skifta diverse komponentar fungerer brennstoff-forsyninga, bremser og drivverk slik det skal. Scania er botnsolide bilar, synst Alf Oddvar.

Motoren startar på rappen og mél som berre ein buss frå sekstitalet kan.

– Eg likar lyden av gammal Scania betre enn Volvo.

Han har med seg Per Birger Eliassen, Mathias Lerstad og Terje Hoel på Uhlen-laget.

Karane har gjort mykje på hjelperamma til dømes, men interiøret og utstyr elles er så fint og intakt at det mest er til å få tårer i augo av. Eit takknemleg objekt, meiner gjengen.

– Til og med den gamle naudhammaren heng her enno, takk vere at vogna har stått innelåst på ein kringflødd holme. Elles var nok bussen tapt forlengst.

Aamaas arbeider med storbil til dagleg, i den tekniske drifta av Nettbuss Ålesund. Vi lurer på om fyren er ørlite grann galen. Går slike aldri lei?

– Det er no berre å prøvekøyre dét, så kjenner du sjølv kva som gjev meining!

22 år gamle Mathias Lerstad er av dei yngste i Rutebilhistorisk.

– Eg har alltid vore interessert i store køyrety og særleg bussar. Kvifor veit eg ikkje heilt. Nett det ligg ikkje til familien. Men dette er eit svært kjekt miljø, seier Mathias – oppteken av historie.

– All ære til dei som har stått på og teke vare på alt dette du ser her. Bussar tek plass, og då vert det forståeleg nok slik at vi helst prioriterer det eldste.

Somme ser det slik at bilar frå 90-talet og utover ikkje er frå deira tid og noko for dei. Men også desse vert historie og må sikrast, meiner ungdomen.

– Eg har fått lære masse i RHF. Vi tek alltid ein kaffi under tysdagskveldane våre på Ellingsøya, fortel Mathias Lerstad.

Han flyttar straks ned att til Kristiansand og vert sårt sakna.

– Eg skal køyre distribusjon for meieriet. Men det kan hende eg skaffar meg eigen veteran med tida. Leyland-skulebussen eg vaks opp med finst framleis i Danmark. Vi får sjå.

Veteranen Arne Hjartnes frå HSD høyrer til dei som vaktar ein heilt praktfull turbil, jamngamal med Uhlen-bussen.

– Då eg skulle ta lappen i si tid, fekk eg ikkje køyre opp med denne Scaniaen. Å nei, den var altfor flott. Eg fekk noko høgreratta i staden, fortel Hjartnes.

Kameratane har køyrt buss over 50 år kvar no. Mellom anna på den endå dårlegare avlastingsvegen til strekninga som nyleg vart kåra til Norges verste: Bergen–Voss. Slå den!

Dei gamle er og blir eldst.