– Hurtigruta har vore ein fin arbeidsplass, eg har likt meg godt, med særdeles hyggelege kollegaer og ganske stabile tilhøve, fortel han. I går gjekk han i land for godt.

23 år på MS «Vesterålen»

Som maskinsjef hadde han ansvar for alt det tekniske om bord og å sørge for å halde båten i ordentleg stand.

– Bruk det norske ordet maskinsjef, ikkje chief, seier Larsen. Han har heile 23 år på MS «Vesterålen» i tillegg til forskjellige andre båtar. Han kunne ha stått til han blei 70, etter lovendringa, men valde å gå i land i ein alder av 66 år:

– Det er ein tid for alt. Det er noko med å kjenne det rette tidspunktet.

Til sjøs som 17 åring

17 år gamal drog Asbjørn Larsen første gang til sjøs i 1969. Etter nordsjøfart og utanriksfart, søkte han seg til hurtigruta for å kunne vere meir heime med familien på Haramsøya.

I annan fart kunne han vere ute i inntil seks-sju månader. Medan hurtigruta kunne tilby ein meir føreseieleg og familievennleg arbeidssituasjon med 33 dagar på og like lenge av.

– Men det var ikkje lett å få seg jobb der. Eg fekk avslag første gong eg søkte, fortel Larsen.

Sonen har gått i faren sine fotspor. I dag er han 1. maskinist på MS «Finnmarken».

Brann om bord i tankbåt

– Har du opplevd dramatiske ting i løpet av karrieren?

– Det mest dramatiske eg har vore med på i mitt liv var brannen om bord i tankbåten «Samnanger». 10 mann omkom. Det stod om det i Sunnmørsposten.

Eg hadde brannskadar på hendene og i ansiktet, øyra var meir eller mindre maltrakterte, men det er utruleg kva dei har fiksa.

Klar for stabelavløping

– Kva skal du gjere no?

– Førebels skal eg ta det med ro. Eg har ikkje tenkt å starte med noko nytt, men ta ting som dei kjem.

Heime på Haramsøya har han både hus og båt, så det blir litt å sysle med uansett. I naustet står dessutan ei fin tresnekke på 23 fot som han er skikkeleg stolt av.

– Du har litt å pusse på då?

– Ja, men båten står i naustet, så det går greitt. No vert det snart stabelavløping.

Eg var med far min då han kjøpte båten hos Skorgenes i 1969. Skikkeleg motor er det også om bord, ein Sabb 10.

– Ikkje nokon plastbåt på deg, altså?

– Eg bruker det eg har, og skiftar ikkje utan at den er gåen. Ja, ja, eg har hatt nokre små plastbåtar, medgir han.

Fleire passasjerar enn før

– Har mykje endra seg i løpet av dei 37 åra du har vore om bord på hurtigruta?

– Bortsett frå nye krav frå myndigheitene er største endringa at vi fraktar betydeleg fleire passasjerar no enn før, og mindre varer. Hurtigruta har utvikla seg med avstikkarar til Geiranger og Urke i Hjørundfjorden. Dei er også flinkare til å marknadsføre seg.

– Kva med passasjerane?

– Dei er dei same. Stort sett 50 pluss, seier Larsen. Men vêret har derimot endra seg, meiner han.

Færre stormar

– Vêret er blitt betre. Det er ikkje så mykje stormar no som før i tida. Då var det uvêr i stort monn. Det er lenga sidan eg opplevde skikkeleg styggevêr, seier Larsen.

Han trur det framleis kjem til å bli nokre turar med hurtigruta. Men helst kortare avstikkarar. For å besøke svigermor i Bergen.

Asbjørn Larsen forlèt MS «Vesterålen» der han har vore maskinsjef i 23 år. Foto: Staale Wattø