– Eg såg ikkje føflekken sjølv. Eg går jamleg til kontroll med kronisk øyrebetennelse, og tilbake i 2005 sa kona mi at eg måtte spørje overlege Lange om føflekken på skuldra når eg først var på sjukehuset, fortel Nordstrand. Han fortel historia si i anledning den nasjonale føflekkdagen 23. mai.

– Overlegen reagerte resolutt og skar bort føflekken på direkten. Det vart etterpå konstatert at eg hadde den verste typen av føflekkreft. Eg bruker å seie at overlege Lange og kona mi har berga livet mitt, seier Nordstrand.

Han var heldig som fekk tatt kreften tidleg nok. For krefttypen Nordstrand fekk er det 80 prosent overleving om den blir tatt tidleg. Om det er spreiing er sjansen for overleving under ti prosent. Han vil fortelje for å åtvare folk:

– Eg vil oppmode alle som har ein flekk som kan vere mistenkeleg om å sjekke seg hjå lege. Og pass på å ikkje bli brent i sola. Bruk solfaktor, og unngå den sterkaste sola, oppmodar Nordstrand. Sjølv har han ikkje blitt solbrend etter at kreften vart oppdaga. Han er ofte i Syden, men under parasoll når sola er sterkast, og han brukar solkrem med høg faktor. Då vi møter han ein strålande soldag i Ålesund sentrum har han solfaktor 50.

– Ein lege fortalde meg at om ein er blitt skikkeleg solbrend to-tre gongar som barn, så har ein lagt grunnlaget for hudkreft. Det er noko å tenke på for alle, seier Nordstrand.

Bodskapen er difor å beskytte seg for sol, og sjekke seg tidsnok. Det kan berge liv, slik det har gjort for Per-Helge Nordstrand.

Fakta

  • Føflekkreft er den kreftforma som aukar mest i Norge.

  • Den aukar mest blant eldre, men er nest største kreftform blant kvinner og menn i aldersgruppa 25–49.

  • Endra solvanar er den viktigaste årsaka til auken.

  • På adressa www.kreftforeningen.no/hudsjekk kan du sjå kva ein skal vere merksam på

Kilde: Kreftforeningen

Per-Helge Nordstrand fekk hjelp tidleg nok til å unngå spreiing. Foto: Jørn Helge Egset