– Ein kommune som Sula er ikkje større enn at dei fleste av oss veit kven dei fleste er. Som lokalsamfunn gjer dette sterkt inntrykk på oss alle. Dette er noko som røyrer ved oss alle. Det er det ikkje tvil om, seier ordføraren.

BAKGRUNN: 20-åring omkom i trafikkulykke i Sula

– Tankane går først og fremst til den nære familie og vener som har mista nokon dei er glad i, seier han.

Kriseteamet i Sula kommune har sidan i natt jobba med å følgje opp pårørande og dei som har vore på ulykkesstaden.

– Det kan vere vener, familie eller vitne som har hatt ei traumatisk oppleving. Dei blir følgt opp, og kriseteamet stiller seg til disposisjon og bidrar så godt dei kan i den akutte fasen, seier ordføraren.

– Kriseteamet er på tilbodssida, men dei når ikkje ut overalt. Dei har først og fremst fokus på dei næraste. Utover dette oppfordrar vi folk som er råka til å samle seg og støtte kvarandre. Ungdom i den alderen har eit nettverk av vener og kjente, seier ordføraren, som veit at der har vore samtalar og at der er vener som samlar seg no.

Dette er også noko kriseteamet kan hjelpe med, men ofte er ungdommen god til å organisere seg sjølv, seier ordføraren.

– Det er viktig å ikkje stenge seg inne, men heller vere i lag med vener og familie og sine kjære, snakke i lag og vere der for kvarandre så ein får prate ut, samstundes som ein prøver å gjere dei daglege tinga.

Medan kriseteamet følgjer opp dei aller næraste i den akutte fasen, trår også det ordinære hjelpeapparatet til.

– Skulane er flinke på å handtere slikt. Og er der nokon som kjenner at dei treng nokon å prate med, så kan ein ta kontakt med fastlegen sin, som kan sende ein vidare til kriseteam eller spesialisthelsetenesta.

Kyrkja og presten er også ein del av støtteapparatet

– Ei slik tragedie, der eit ungt liv brått er slutt, berører eit litelokalsamfunn djupt. Alle kjenner alle.Ilag med det kommunale kriseteamet, tilbyr vi vener og familientil den forulykka å opne kyrkja i slike høve. Ingen konkreteavtalar er gjort per no, seier seniorprest Per Inge Vik iSula.

Kriseteamet har også kontakt med kriseteam i nabokommunar dersom råka i andre kommunar treng hjelp.

– No er det sjokk, og svært mykje å ta innover seg. Dette er ikkje noko som berre skal vere i eit par dagar. vi vil vere der for dei, og kommune og hjelpeapparat vil hjelpe så langt ein kan også i tida som kjem. No er det viktig at dei næraste og familie får takle dette, og at dei får be om den hjelpa dei føler dei måtte ha behov for i dei ulike fasane.