Samferdselssjefen tek saka vidare:

– Trollstigen er ein av 18 nasjonale turistvegar, og mobildekninga har ikkje vore ein del av denne utbygginga. Vegen har stor trafikk på sommaren, og som vegeigar meiner vi at det er viktig at trafikantane har moglegheit for å varsle dersom det skjer noko, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding.

Fuglseth seier fylkeskommunen ser på ei moglegheit for å få på plass naudtelefonar på strekninga som er utan mobildekning, og vil legge fram ei saka om dette for fylkesutvalet.

– Vi ønsker politisk tilslutning til å montere naudnett-terminalar som er vanleg i tunnelar. Dette vil gje tryggleik og beredskap som i tunnelane.