Dette seier styreleiar Odd Harald Sundal i Austefjordhelg. Heile formålet med dette eine, årvisse arrangementet er å få utflytte til å ta seg ei helg heim, og for alle andre å ta turen.

– Men vi må ha skikkeleg trekkplaster, har vi innsett. Då vi grov litt i lokalhistoria, vart det klart at superbandet Dance with a Stranger spelte fleire gonger i Volda på seint åttital. Vårt eige Sunnmøre Baarelag var alltid oppvarmingsband for dei.

– Eg ringde managementet og minte om bandet si forhistorie i Volda. Det gjekk ikkje lang tid før vi fekk positivt svar, fortel Sundal. Dermed danka ein utekonsert på ei grusbane i Austefjorden ut langt større spelestader.

Fredag 8. juni er dagen. Baarelaget er der også.