Vegen var kostnadsrekna til 23 millionar kroner, og dei fleste av grunneigarane har lagt inn kraftige protestar. Også ein dokumentert lokalitet for ynglande oter har skapt vanskar for prosjektet.

Under handsaminga i formannskapet gjekk Gunnar Strøm (SV) hardt ut mot grunneigarane, der fleire av dei var tilhøyrarar til drøftingane.

Strøm skulda dei mellom anna for ikkje å ville dele av goda sine med andre. Dette har fått ein grunneigar til å skrive eit skarpt brev til ordføraren, mellom anna for ikkje å ha klubba ned usaklege personåtak.

Det høyrer med at ordførar Jørgen Amdam (Ap) stemde med Strøm i mindretalet på tre.

Saka vert avgjort i kommunestyret.