Får St. Olavs orden for innsats for nynorsk

Ottar Grepstad frå Volda vert slått til riddar av kongen.

Direktør Ottar Grepstad har skrive eller redigert over 20 bøker og halde fleire hundre foredrag. Han var rådsmedlem i Norsk kulturråd 2005–2010 og styremedlem og seinare styreleiar i Språkrådet 2006–2015.   Foto: LARS O. FLYDAL

Nyheter

Kongen har utnemnt direktør Ottar Grepstad til Ridder 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden, ifølgje ei melding frå slottet.

Han får den kongelege heideren for sin innsats for å fremme nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Til hausten blir Grepstad pensjonist etter at han har vore direktør ved Nynorsk kultursentrum i 19 år.

– Dette er litt pinleg og mest stas. Eg har hatt god tid til å venje meg til dette, men står framleis utanfor tanken. Eg har gjort ein jobb og sikkert meir enn eg måtte, mest fordi det har vore kjekt og så mange fine folk eg har fått samarbeide med, seier Grepstad ifølgje ei pressemelding frå arbeidsgjevaren

Grepstad blir tildelt utmerkinga av fylkesmann Lodve Solholm under eit arrangement ved Ivar Aasen-tunet i Volda onsdag 6. juni


Nynorsk litteraturhistorie er klar:

Har skrive storverk om nynorske forfattarar

Historia om den nynorske skjønnlitteraturen er samla mellom to permar.

 

Ottar Grepstad sluttar i Nynorsk kultursentrum

Ottar Grepstad har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018.

 

May-Britt og Edvard I. Moser får Storkorset

De to proffessorene er tildelt Storkors av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.