(Vikebladet): Cruise Industry News melde for nokre dagar sidan at også det andre ekspedisjonsskipet til Kleven har fått utsett levering. Frå før av var det kjent at MS "Roald Amundsen" ikkje blir levert i 2018, men ut på våren i 2019. Det skal ha vore snakk om ei utsetjing av levering på åtte månader.

No er det altså det andre skipet, MS "Fridtjof Nansen" som ikkje blir levert til først avtalt tid.

Det var gjennom eit brev Hurtigruten sende til reisebyråa og gjestar som har booka turar med det andre skipet 24. mai, at nyheita om utsetjinga kom fram.

- Ei følgjeforseinking

Kommunikasjonssjef i Hurtigruten AS, Rune Thomas Ege, bekreftar utsetjinga, på spørsmål frå Vikebladet Vestposten.

- Kleven Verft informerte oss nyleg om at forseinkinga på MS "Roald Amundsen" gjer at heller ikkje MS "Fridtjof Nansen" blir levert innan fristen som var avtalt. Dette er ein direkte følgje av dei allereie kjente forseinkingane på MS "Roald Amundsen", seier Ege i Hurtigruten.

På grunn av den forseinka leveringa vil MS "Midnatsol" segle MS "Fridtjof Nansen" sine planlagde turar i Antarktis vinteren 2019/2020. Dei råka gjestane vil få full refusjon – inkludert kostnadane relatert til eventuelle kanselleringar av fly. I tillegg får dei tilbod om å bli booka om til andre seglingar, samt rabattar på andre ekspedisjonsseglingar eller rundturar langs norskekysten med Hurtigruten.

- Dei råka seglingane har berre vore ute for sal i nokre få månadar. Dei ligg også eit stykke fram i tid. Difor er det færre gjestar som blir ramma denne gangen enn ved den opphavelege forseinkinga på MS "Roald Amundsen", seier Ege.

Denne saka blei først publisert av Vikebladet