Giske kommune skal stemme om nye Ålesund

Et forslag fra Arbeiderpartiet om å søke forhandlinger med nye Ålesund kommune skal opp i kommunestyret i Giske 14. juni.

Ordfører: Harry Valderhaug har ikke tatt stilling til saka ennå.   Foto: Marius Simensen

Nyheter

Arbeiderpartiet la fram forslaget i formannskapet mandag ettermiddag, men forslaget fikk ikke flertall, melder NRK Møre og Romsdal.

Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet stemte for, mens Venstre, Tverrpolitisk liste og Kristelig folkeparti stemte mot. Bakgrunnen er en rapport som blei lagt fram for formannskapet.

Roar Dyb Sandnes (Ap) mener det er helt åpent hva som vil bli utfallet i kommunestyremøtet den 14. juni, mens ordfører Harry Valderhaug ikke ønsker å ta stilling før saka er behandla i kommunestyregruppa til KrF, skriver NRK.

Tida snart ute for fleire til å bli med i Nye Ålesund

Eidsvik åtvarar: Ny sjanse først om sju år

Viss fleire kommunar vil bli med i nye Ålesund kommune, er fristen 1. september i år. Neste sjanse kan først bli om sju år.

Rapporten som blei lagt fram for formannskapet, er den såkalla ekspertgruppa si utgreiing om Giske 2020 og seinare.

– Hastar å avklare

Ifølgje rapporten hastar det med å avklare kva Giske vil, og med å kome i gang med forhandlingar om nye avtalar enten utanfor eller innanfor nye Ålesund. Giske har i dag ei rekke interkommunale samarbeidsavtalar med Ålesund kommune. I sakspapira skriv rådmann Marit Elisabeth Larssen at ho ikkje ser at Giske må vere bunden til å inngå interkommunale avtalar berre med Ålesund.

"Ein del av tenestekjøp er av karakter slik at dei bør kjøpast der vi får beste tilbodet. Denne gjennomgangen bør kommunen ta når ein ser kva avtaleområde som er aktuelle", skriv rådmannen.

Utfordringar for Giske framover

Oppsummert konkluderer rapporten slik:

  • Giske kommune er sterkt integrert i bo- og arbeidsregionen Ålesund, og meir enn 50 prosentav arbeidstakarane i Giske arbeider utanfor kommunen, dei fleste i Ålesund.
  • Dei statlege rammeoverføringane har dei siste åra blitt lågare sett i forhold til andre kommunar i same KOSTRA-gruppe og med same folketal.
  • Giske har høg gjeld sett i forhold til inntektene og er sårbare ved auke i rentenivå.
  • Giske har ca. 13 mill. kr. i eigedomsskatt med sats på 2 promille. Maksimal sats er 5.
  • Rekruttering av tilsette vil bli lite påverka av kommunestruktur. Kommunen har like utfordringar som andre kommunar.
  • Det vil bli store utskiftingar i leiarstillingane i kommunen dei neste åra, grunna mange med høg alder.
  • Mange oppgåver bør, som no, løysast gjennom interkommunalt samarbeid.
  • Utstrekt bruk av tenester, der ei stor kommune er vertskommune (Nye Ålesund), gir loikale folkevalde og administrasjon lite påverknad på utforminga av tenestene.
  • Kostnadene ved interkommunalt samarbeid vil truleg auke.
  • Det hastar med å avklare kva Giske kommune vil, og med å kome i gang med forhandlingar om nye avtalar utanfor eller innanfor Nye Ålesund.