Sokneprest Jens Terje Johnsen trekte seg frå stillinga i Herøyi 2011, etter det som er blitt omtalt som ei arbeidskonflikt ved kyrkjekontoret.

Saka skapte splid og diskusjon både i Herøy og utover distriktet og det blei mellom anna arrangert fakkeltog til støtte for presten.

Og då biskopen deltok på ope visitasmøte i Herøy søndag spurte Ole Arild Bø ifølge lokalavisa Vestlandsnytt kvifor Johnsen ikkje blir brukt som vikarierande gudstenesteleiar ved vikarbehov.

– I eit stort oppslag i Sunnmørsposten gjekk biskop og prost ut ogvar bekymra for at det ikkje var nok prestar til å dekkje kyrkjasine behov, forklarte Bø.

Kvifor ikkje, biskop?

Han forklarte vidare at det i avisa gjekkfram at bispen var redd for messefall og at prosten måtte lånemannen som eigentleg ikkje er prest for å unngå at kyrkjedørene erlåste når folk kjem til gudsteneste.

– I Herøy er vi i den privilegerte situasjon at vi har trepensjonerte prestar. Høgst oppegåande. Den eine har rett nok meldtseg ut. Vår allés Jens, er ein av desse. Han bur på Bergsøya, syngi Herøy kyrkjekor og er aktivt med i kyrkjelyd-samanheng. Men tilforskjell for dei to andre prestepensjonistane, blir han ikkjebrukt som prest i gudstenestesamanheng. På bakgrunn avpresseoppslaget spør eg: Kvifor ikkje biskop? spurte Ole Arildframfor forsamlinga, ifølge Vestlandsnytt.

Biskopen: Alle vil bli behandla likt

Biskopen svarte slik:

– Eg skjønar at du spør og vil trekke fram ei historie som har vorevond og vanskeleg. Fleire har i løpet av desse dagane sagt: Sånnvar det, det høyrer fortida til. Men eg har gjennom denne visitasen sett, erfart og høyrt at detteer vi ferdige med – vi går vidare saman framover. Alle pensjonistarblir behandla likt framover når det gjelder å få lov til å havikartimar. Eg har fått bekrefta at det som var vanskeleg, har delagt bak dykk. Det har vore min føresetnad alle desse åra, avslutta Midttømme, og inviterte Ole Arild Bø tilbake for å svare.

– Då tolka du meg rett,avslutta Ingeborg Midttømme.