Spent meklar

Men Hanna Sylte i Eigdomsmeklar1 vedgår at ho er spent.

– Ja, dette er jo heilt nytt i min jobb, noko slikt har eg aldri vore med på før.

– Men, kvifor ikkje? Husseljaren har godkjent dette stuntet, finn.no har gjort det same og dette er spennande å vere med på, smiler ho.

Godkjent av Aasen og Hovden

Det tok si tid å finne rette huset – med rett eigar som var villig til alternativ eksponering. Men – når ein har utsyn frå midt i Hovdebygda – mot indre Ørstafjorden, mot bakkar og berg og mot dei gamle fjell i syningom. Og når Fagert er landet. Når lierne grønkast som hagar. Når det lavar av blomar på strå. Både Ivar Aasen og diktarpresten Anders Hovden har gått god for omgjevnadene her. – Huset er jo ikkje selt enno, så her har vi ei god mulegheit for kombinert vising og underhaldning, håper Hanna Sylte.

Kva blei bustaden seld for. Klikk deg inn og sjå oversikta i vårt interaktive kart

Skråblikk på huskjøp på finn.no

Helst burde ho kanskje prøve å få selt kåken til programansvarleg Øyehaug Brunstad. Han vedgår glatt at han er på husjakt, etter å ha fått jobb i Aasentunet sist haust. Men kona hans er ikkje komen etter enno, så han bør neppe gå solo og forhaste seg?

– Nei, og eg kan jo ikkje gjere meg ugild i høve dette unike tekststuntet heller, ler programskaparen. Han fortel at festspeldiktar Eikemo har skrive eigen bok om fenomenet huskjøp og sal på finn.no.

– Dette har ho gjort på ein strålande måte, med eit skråblikk som vil glede langt fleire enn dei som er huskjøparar, nynorsktilhengjarar, begge deler eller kva som helst anna, lovar Olav Øyehaug Opsvik.

Kanskje kjem Finn

Marit Eikemo og Frode Grytten vil veksle på å lese frå hustekstene sine i det nyskura huset.

– Då bør det ikkje vere altfor mykje tomklang i lokala, så flest muleg må kome og få med seg denne hushendinga, oppmodar Olav Ø. Opsvik. Kanskje kjem også Finn? Finn.no

– Her er det tomklang, konstaterer husmeklar Hanne Bjørdal Sylte og festpelarrangør Olav Øyehaug Opsvik. – Kjem til å arrangere garasjesal også – av bøker, fortel dei. Foto: Knut Arne Aarset