Dette seier gründer bak selskapet Viiral AS, Jan Remmereit. Han var også mannen bak selskapet Natural, som såg dagens lys ved fjorden på Rystelandet i Ørsta.

Her held Jan Remmereit framleis til. Kanskje ikkje heilt tilfeldig. Det er nemleg frå livet under fjordflata han har henta mange av impulsane til nye for meir for naturpreparat og medisin. Det nest siste var R-omega, vunne ut frå silderogn. Og det siste er altså allergimedisinen Viiral, som er basert på immunsyrer som finst særleg i morsmjølk, og i sjøpølse.

Naturprinsipp frå alle tider

Det heile handlar naturleg nok svært mykje om kjemi, molekyl og formlar.

– Men alt er basert på naturen sine eigne prinsipp, utvikla gjennom millionar av år.

– Så dette er ikkje noko vi har funne opp. Det er derimot noko vi har funne, teke ut og sett i produksjon til eit bestemt føremål, forklarer Jan Remmereit.

Han veit at allergireaksjonar mot plantepollen har vorte eit stort folkehelseproblem både i Norge og internasjonalt Det er desse problema allergimedisinen Viiral er spissa inn mot.

Sperrar ute virus

– Kva er det med denne sialinsyra som skal lindre allergireaksjonar?

– Reint kjemisk og fullt ut medisinsk kan det vere komplisert å forklare.

– Prinsippet er likevel at stoffet gjer det vanskelegare for pollenvirus å kome fram til overflatecellene i naseslimhinna. Dermed vil personen i mindre grad utvikle virussjukdomar i dei øvre luftvegane, seier Remmereit. Denne effekten vart oppdaga ved å studere samansetjinga i morsmjølk, som ein utgangspunktet veit har svært kraftig effekt på immunforsvaret til avkomet.

Morsmjølk og sjøpølse

– Vi fann at det er svært store konsentrasjonar av sialinsyre i denne mjølka, og endå høgare ved ein prematur fødsel enn ved fødsel til forventa termin.

– Vidare fann vi at mengda sialinsyre i morsmjølka minka gradvis, ettersom barnet sitt eige immunforsvar utvikla seg, fortel Remmereit.

Eit anna funn vart gjort i sjøpølser, ein vekst på havbotnen som filtrerer store mengder møkk frå fisk og anna, og dannar om til eigen næring.

– Sjøpølsa lever med ekstrem ureining, og er avhengig av eit tilsvarande oppegåande immunsystem. Som i morsmjølka fann vi også der uvanleg store konsentrasjonar av sialinsyrer, opplyser Remmereit.

Test midt i pollensesongen

Resten er ytterlegare kjemi og lange prosedyrar med laboratoriearbeid. Og sjølvsagt medisinske testar, med reelle forsøkspersonar. Viiral har knytt til seg legen Hogne Vik som medisinsk ansvarleg for ein forsøkstest som vart gjennomført i løpet av hardaste pollensesongen våren 2018.

Han rekrutterte 100 personar gjennom annonsering, der målet var å få med folk med markante allergiplager frå heile landet. Testen vart gjort over fire veker, der forsøkspersonane brukte nasesprayen Viiral to gonger i døgnet.

Det er for omfattande å gi att testen, men svara syner til dels god utteljing for fleire av dei mest markane allergisymptoma. Jan Remmereit seier at ein slik test er etter måten stor og detaljert, når det gjeld eit naturmiddel.

– Har satsa rett

– Korleis tolkar du resultatet?

– Eg vil seie at tilbakemeldingane syner nesten overraskande god effekt. Vi fekk i stor grad dei tilbakemeldingane frå folket som vi håpa på. Testen syner at vi har satsa rett. Det same gjorde den førre testen, gjort på allergiutsett kabinpersonale i SAS, seier Remmereit.

Han ser no dette siste selskapet som godt oppe og gå, og han trekkjer seg attende frå vervet som styreleiar. Ny styreleiar vert Ola Røthe, mannen som i si tid var med og fekk Natural på børs. Dagleg leiar for Viiral as sitt kontor i Ålesund er Frode Fagermo.