Styremøtet onsdag 13. juni får ei betydeleg grad av alvor over seg, for ut ifrå sakspapira for møtet kan ein lese at helseføretaket ikkje har lukkast hittil med å få kontroll med kostnadane sine. Dette trass i at nettopp økonomisk kontroll – og det å halde budsjettet – har vore sterkt fokusert både av administrasjonen og av det nye styret.

Kriseforståing

– No må vi få kriseforståinga inn i heile føretaket! formana styreleiar Ingve Theodorsen på sist styremøte i april.

– Dette var veldig tydelege signal frå styret om at vi må oppnå eit nullresultat for 2018. Styret er veldig klare på dette, sa administrerande direktør Espen Remme til Sunnmørsposten etter styremøtet i april.

I dag seier Remme dette:

– Vi må berre beklage denne situasjonen og erkjenne at vi ikkje har klart heile den omstillinga som skal til for å nå budsjettet, seier direktøren helseføretaket med 6.400 tilsette.

– Vi jobbar no vidare for å oppnå kontroll på kostnadane, seier Remme.

– Kvifor er dette så vanskeleg?

– Først må eg få seie at det blir gjort mykje godt arbeid blant tilsette og leiarar i føretaket. Men vi er ein stor organisasjon med mange forskjellige utfordringar knytt til det å ha rett type fagpersonell på dei rette plassane. Dette fører i neste steg til auka kostnader med overtid og ekstra innleige, seier Remme.

– Går det mot oppseiingar no?

«Hovudårsaka til avviket er eit høgare nivå på lønsutbetalingane enn kva som er budsjettert. Fleire klinikkar har eit meirforbruk på variable lønskostnader sett mot budsjett i tillegg til auka månadsverk. Helseføretaket er avhengig av at tiltak blir gjennomført for at prognosa ikkje skal bli ytterlegare forverra», heiter det i sakspapira til styremøtet 13. juni.

Løn er problemet

Helseføretaket har ikkje lykkast med tiltaka som er sett inn mot lønskostnadene for å sikre økonomisk balanse.

«Spesielt tiltak knytt mot løn viser lav oppnåing. I rapporteringa frå klinikkane er det fleire årsaker til kvifor tiltaka ikkje er realisert slik som føresett. Dette forklarast med auka sjukefråvær, høg aktivitet, låg grunnbemanning og dyr innleie», heiter det vidare i saksutgreiinga.

Treng meir pengar

Helseføretaket har eit planlagd behov for ekstra kassekreditt på 36,7 millionar kroner. Behovet for auke i kassekreditt ser no ut til å bli på 76,7 millionar kroner, om ein skal halde oppe planlagt investeringsnivå. Med andre ord må ein anten utsette investeringar eller låne meir pengar, om prognosane på budsjettsprekken på 40 millionar kroner slår til.

I sakspapira heiter det at administrerande direktør vil vurdere om nokon av investeringsmidlane kan haldast tilbake med grunngjeving i den negative driftsprognosen.