Anders Riise stiller ikkje som ordførarkandidat

Ordføraren i Hareid ynskjer i staden å bli Høgre sin toppkandidat i fylket.

NOVERANDE ORDFØRAR I HAREID: Anders Riise (H).  Foto: Staale Wattø

Nyheter

I ei pressemelding sendt ut onsdag avklarer Anders Riise sine framtidsplanar som politikar.

– Eg har gitt beskjed til nominasjonskomiteen i Hareid om at eg ikkje stiller som ordførarkandidat for Høgre i perioden 2019-2023. Samstundes har eg gitt beskjed til nominasjonskomiteen på fylket om at eg ynskjer å vere Høgre sin toppkandidat og då også partiet sin fylkesordførarkandidat ved fylkestingsvalet i 2019, skriv Riise i meldinga.

Anders Riise har vore ordførar i Hareid i to perioder og har tre perioder som medlem i fylkestingsvalet. Han har vore medlem i kommunestyret i Hareid frå 1991.