Og slepper laus hestane, det er verkeleg det denne skipsføraren gjer. Etter å ha trekt seg opp med ein slags raslande lyd, akselererer båten på ein nesten uverkeleg måte bortover sjøflata mot Kleven Verft.

– Som å setje ein Tesla fast i modus full akselerasjon dette, seier ein av gjestene idet båtføraren slakkar ned att. No er vi nær skroget av den nye Hurtigruta ved Kleven. Men ho lever nok ikkje heilt opp til namnet sitt, i dette selskapet.

Store forventningar

Sist tysdag var det slepp av hestekrefter frå hamna til Quality Hotell Ulstein. Det vil seie at ein flunkande ny RIB til ein pris på over millionen vart stilt til disposisjon for utvalde gjester. Marknadskoordinator Christina T. Frøysa seier at hotellet har store forventningar til den nye fartsbåten.

– Ja, dette skal vere eit særleg attraktivt tilbod. I første omgang har vi tenkt han som eit kjapt tilbod til konferansegjestene våre, til dømes ved at dei kan ta lunsjpausen til havs, seier Frøysa. Ho understrekar at det er like aktuelt å leige ut båten med førar til kven som helst andre enn hotellet sine gjester.

– Målet er jo å tene pengar på investeringa, gjort gjennom selskapet Coast Safari.

– Men like mykje er målet å gje flest mogleg personar høvet til å oppleve skjergardsnaturen tett ved oss på ein heilt spesiell måte. Det vil gjere inntrykk!

Båten har plass til tolv personar pluss førar og matros. Han er ni meter lang. Maksfart gjort under lokale testar sist veke er målt til litt over 120 km/t.

Må vere varsam ute i havet

Båtførar Frank Strandebø arbeider innan offshore. Men i friperiodane skal han vere fast RIB-pilot.

– Ein jobb eg deler med ein annan, som har motsett turnus. Dermed har vi heile tida mannskap om bord her, smiler Strandebø. Han legg på ingen måte skjul på at han er begeistra for den alternative arbeidsplassen sin.

– Ja, dette er luksusoppdrag for meg. Men det inneber også stort ansvar.

– Med slike motorkrefter, og i stor fart ute i havbåra, skal det lite til før noko kan gå gale, seier han.

– Kva kan gå gale?

– Det måtte vere at båten fekk ein kilevink så nokon ikkje greidde å halde seg fast om bord. Men det skal svært mykje til, forsikrar Strandebø.

Desse to påhengsmotorane yter til saman 600 hestekrefter. Foto: Knut Arne Aarset