Ørsta:

Skal ha sparka i bilar og slengt bileigar i bakken

Politiet leiter laurdag kveld etter ein bil som skal ha vore involvert i ein episode i Ørsta sentrum.
Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal har fått melding om personar som har sparka inn i parkerte bilar for deretter å stikke av i ein bil.

Ein av bileigarane opplyser til politiet at han blei slengt i bakken og tatt kvelartak på av ein av gjerningsmennene.

– Vi veit ikkje identiteten på personane, men vi veit kven som er eigar av bilen. Det har ikkje lykkast å kome i kontakt med vedkomande enno, seier operasjonsleiar Jon Bratland.

Ifølgje Bratland skal meldar ikkje ha kjent personane, men han fekk altså tak i bilnummeret. Politiet prøver no å kome i kontakt med eigar av bilen som blir sett i samband med hendinga.