– Om det vert vellykka trur eg sjølvsagt det blir fleire gonger, men det kjem an på økonomien, fortel Lorgen til Sunnmørsposten.

«Havgaprock» såg dagens lys for første gong i 2016, i Sandvika på Flem. Det året kom 350 besøkande. I fjor, då festivalen vart arrangert for andre gong, kom 550. I år ser det ut til at blir enno fleire.

– Førehandssalet har vore betre i år enn i fjor, så det ser ut til at det kjem fleire i år. Om det kjem 600 vert vi storfornøgde, men vi trur kanskje det vert fleire, fortel Lorgen.

Nattferje

Vêrmeldinga melder om strålande vêr i kveld. Det trur Lorgen vil gjere stemninga ekstra magisk.

– Solnedgangen her ute saman med dei artistane som vil spele her vil gjere kvelden til noko absolutt alle bør få med seg, fortel han entusiastisk.

Og folk skal ikkje bekymre seg for å kunne kome seg heim.

– Det er sett opp nattferje, og der vil gå ein buss i skytteltrafikk mellom festivalområdet og ferjekaia. I tillegg har vi ein avtale med ein kar som kan stille med skyssbåt til Ålesund om det skulle trengst, seier Lorgen, og legg til at det også vil bli mogleg for tilreisande å campe.

– Vi har ein kjempeflott festivalcamp, så då kan folk overnatte før dei tek hurtigbåten tilbake til Ålesund.

Variert program

Sjølv om festivalen heiter «Havgaprock», seier festivalsjefen at programmet er meir variert enn som så.

– Hovudfokuset er sjølvsagt rock, men vi har òg rap og blues representert hos oss i år, seier han.

Av artistane som skal opptre, er han mest stolt av å ha fått progrock-bandet Circus Maximus på plakaten.

– Vi meiner dei er Norges desidert beste progrock-band, så at vi har fått dei til å spele på den vesle plassen vår er stort. Berre førre veke spelte dei for over 30.000 under SwedenRock i Sverige, seier han.

Av andre artistar som skal opptre, finn vi gitarist Peer Gynt med band, Poprock-bandet Pikekysz frå Ørsta, dei lokale heltane i Chivas og ålesundsrapparen Isak Shorty.

Håper på meir støtte

At det blir festival igjen til neste år er ikkje sikkert. Det kjem an på økonomien. Lorgen fortel at det har vore lite støtte å få frå det offentlege.

– Korkje kommunen eller fylket godkjende nokre av søknadane om støtte vi sende inn, som sjølvsagt er leitt. Sparebanken Møre har heldigvis vore med og sponsa oss, men vi ønskjer sjølvsagt at vi hadde hatt meir, seier han og legg til at dei skal prøve på nytt att neste år.

Samtidig skryt han veldig av hjelpa dei har fått av dei lokale.

– Alle stiller opp og hjelper til med det dei kan. Dugnadsånda er veldig sterk her ute på øyane, seier han.

«Bukett» på ... diskett?

Det sunnmørske indiebandet Skóg opnar «Havgaprock» i år, og i den anledning har dei sleppt ei ny låt, «Bukett». Den fysiske versjonen av låta er produsert på noko så sjeldan, og mange vil vel seie utdatert, som diskettformat.

– Vinyl er så gammalt at folk har byrja bruke det igjen, og kassett er for populært, så vi bestemte oss for diskettformat, fortel Vegard Johansen. Han speler trommer og keyboard i bandet, og er den som kom med ideen til diskettformatet.

– Vi er trass alt eit skikkeleg indie-band, så då må det vere skikkeleg indie, seier vokalist og gitarist Sondre Skorgen.

Dei lagde 20 diskettar som er til sals, der fem av dei allereie er selde. Om dei sel resten ser dei ikkje så nøye på.

– Eg bryr meg ikkje om vi sel alle på festivalen, eller om ti år, eigentleg syns eg det er ganske kult å ha dei slik, seier Johansen.

«Havgaprock» arrangerast på Ulla på Haramsøya laurdag kveld.

Festivalsjef Preben Austnes Lorgen (t.h) har trua på ein flott festival. Her saman med resten av festivalteamet (f.v.); Bjørnar Levi Flem, Per Olav Sunde og Vegard Halkjelsvik. Foto: Bror Vebjørn Steen