Jon Hildre, leiar i Venneforeininga kan fortelje at Vigra Kringkastar hadde ei særs viktig rolle i den nasjonale krigshistoria. Etter at den blei bomba under krigen, opna Kong Haakon det nye sendarbygget i 1948. I 1996 hamna dette bygget på Telenor sin verneplan som det einaste verneobjektet i fylket. Lista vart utarbeida av Riksantikvaren og Telenor. Det var dette som inspirerte eldsjeler til å starte Venneforeininga og arbeide for å ta vare på historia som er knytt til bygget. Norkring og Telemuseet støtta då arbeidet med ein halv million. Dette gjorde at dei klarte å sikre historia til Kringkastaren frå 1924 fram til 1952. Bygget er no fjerna frå vernelista.

Klarsignal for riving

– I 2015 fekk Telenor med seg Riksantikvaren i avgjeringa om å rive bygget. Vi hadde trudd at Riksantikvaren ville redde sendarbygget, men det blei eit sjokk både for oss og grunneigaren, som heile tida hadde det utgangspunkt at enten skulle det bli eit levedyktig museum, elles skulle bygget rivast, fortel Hildre. Grunneigar Olger-Arne Synnes bekreftar dette. Sidan har det vore mykje fram og tilbake, men i april i år kom avgjeringa om riving.

Vil gjerne behalde bygget

– Eg meiner årsaka til at bygget no skal rivast er at både Riksantikvaren og Giske kommune ville unngå dei økonomiske forpliktingane som vil oppstå. Dei gir kvarandre ansvaret for bygget, seier Hildre.

– Vi ønskjer veldig gjerne at bygget skal bli verande, men vi kan ikkje gå inn i dette aleine. Kommunen har mykje anna som krev tid og ressursar, seier ordførar Harry Valderhaug og viser til eit vedtak som ikkje utelukkar at dei er med, men at det må visast eit nasjonalt og regionalt ansvar. Både ordføraren og varaordføraren har utfordra sine parti, men har ikkje lukkast å få inn middel i statsbudsjett til Vigra Kringkastar.

Kort frist

Hildre reagerer også på at dei 6. juni fekk beskjed om at dei måtte rydde ut alt dei ville ta vare på frå lokala innan 1. juli.

– Det var frykteleg kort frist, og det reagerer vi på. Kvifor slik forferdeleg brå hast, undrar Hildre som seier at dei har gjort så godt dei kan med å tømme, men at dokumentasjon og utstyr som er samla i sendarbygget frå den analoge FM- og TV-tida (1960) truleg vil gå tapt.

– Vi har ikkje plass, seier han. Norkring seier til Sunnmørsposten at dei 23. mai i år var på Vigra for å informere Venneforeininga og grunnleiger om rivinga.

Rikeleg med tid

– Det var ein tvist mellom grunneigar og Norkring som hindra vårt arbeide. Med ein gong denne tvisten vart over blei det planlagt riving. Vi har jo ikkje hatt noko tid til å få prøve å redde museet etter tvisten vart løyst, seier Hildre. Grunneigar Synnes seier at dette ikkje stemmer og legg til at den fyrste rivingssøknaden vart sendt inn i 2014.

– Sidan har det blitt utsett riving fire gonger, så dei har hatt rikeleg med tid. No har dei hatt åtte år på seg til å etablere museum. Dei har ikkje vore hindra av diskusjonen mellom meg og Norkring. Årsaka er at dei ikkje har lukkast med å finne nokon som vil vere med som sponsorar. Dei har gått utover den tolmodet ein kan forvente både frå meg og Norkring, seier han.

Tolmodige

Norkring på si side seier at dei har vore avventande og tolmodig i forhold til rivinga.

– I håp om at lokale krefter skulle finne ei løysning slik at bygningane kunne bli varetatt. Vi tilbaud å stille med ein eingongskompensasjon på 1,5 millionar kroner, som er det ville koste å rive bygningane. Vi har også tilbydd Giske kommune den same kompensasjonen for å overta kringkastingsanlegget, opplyser Ingrid Dietrichson.

– Vi beklagar at bygget må rivast, men slik vi ser det har vi gjort vårt ytste for å bidra, seier Dietrichson og legg til at alle deira tenester på Vigra no er avvikla, og at dei ønskjer å rydde opp etter seg og si opp avtalen med grunnleiger.

– Eg vil understreke at det i årenes løp har vore fleire møter og korrespondansar i håp om ei foreint løysning med dei ulike aktørane, seier Dietrichson.

– Eg er fortvilt over at vi ikkje kan ta vare på denne spennande historia, som høyrer heime i bygget, seier Hildre.

– Eg er sint på Riksantikvaren og Telenor. Telenor fjerna verneplanstøtta til Telemuseet i 2013 som gjorde at Telemuseet ikkje kunne redde sendarbygget. Riksantikvaren er den som har myndigheit til å stoppe dette, seier Hildre som ikkje klarer å gi opp håpet enno.

– Vi har engasjert Telemuseet i saka, seier Hildre og legg til:

– Det er galskap å ikkje ta vare på historia.

Han har også fått med seg Fortidsminneforeininga i saka.

– Dei har sete Vigra Kringkastar på si raudliste for fleire år sidan. Dei protesterte på rivinga då fylkesmannen tok det endeleg vedtaket, men klaga blei avvist. Dei sende så brev til Riksantikvaren 20. april, men har ikkje fått noko svar, seier Hildre som også skreiv under på brevet. Riksantikvaren opplyser til Sunnmørsposten at dei har teke imot brevet, og at dei kan vente seg eit svar.

– Dette skal vi prioritere, lovar dei og legg til:

– Riksantikvaren har hele tida peikt på at dette er eit viktig og betydningsfullt kulturminne. Vi har aldri uttalt at anlegget skal rives, tvert i mot. I vårt brev frå 2015 framhevar vi at Vigra sendestasjon representerer viktig regional historie. Vi oppfordra kommunen til å sikre og formidle kunnskapen om anlegget. Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å vareta sine kulturminne, og vi forstår Venneforeininga sin frustrasjon, seier avdelingsdirektør Hanna Geiran og legg til at dei berre fredar bygg og anlegg som har nasjonal verdi.

– Her er kriteria særs strenge. I 2011 blei Vigra kringkastar nedlagt og masta blei demontert. I tillegg har store deler at det tekniske utstyret blitt overført til Bergen kringkastar. Men at anlegget ikkje blir freda betyr slett ikkje at det ikkje kan takast vare på, seier ho.

Blir bevart

Grunneigaren opplyser at han har tilbydd Venneforeininga å behalde tre trehus dei har brukt til utstilling på tomta, vederlagsfritt.

– Dei takka først nei og grunngav det med at mellom anna toalettfasilitetar forsvinn med betongbygget som skal rivast. Då Valderøy museumslag ville ha husa, kom dei rett nok på bana igjen, fortel Synnes som meiner det har gått prestisje i saka. Hildre fortel at dei jobbar med å flytte husa.

– Uansett kven det blir syns eg det er flott at desse husa blir teken vare på, seier Synnes.