Fylkesmannen i Møre og Romsdal slår fast at vedtaket om å leggje ned Tandstad skule i Sykkylven var lovleg.

Det var tre representantar frå Ap, Sp og SV som kravde lovlegheitskontroll av vedtaket i kommunestyret i mai.

Fylkesmannen er samd med klagarane i at høyringsperioden med fordel kunne ha vore lenger. Men av omsyn til få ei rask avgjerd var det naudsynt å følgje eit stramt tidsskjema.

Fylkesmannen meiner også at kommunen har lest og gjort ei forsvarleg vurdering av over 60 høyringsinnspel.

I klagen frå dei tre politikarane blir det hevda at det ikkje er teke nok omsyn til barna.

Fylkesmannen finn derimot utifrå saksdokumenta ikkje grunnlag for å seie at omsynet til barnas beste ikkje er tilstrekkeleg greidd ut.

Dermed blir skulen lagt ned.