Innlegget er ei kraftig oppgjer med behandlinga pårørande meiner ei eldre og sjuk kvinne har fått, sidan ho flytta til kommunal bustad i 2011.

Slått fleire gonger

Sidan den gong har pårørande kjempa for at ho skal få god oppfølging frå Sula kommune.

– Du skal vere bra ressurssterk for å vere ressurssvak, heiter det. Begge desse ordtaka har vi i kommunikasjon med Sula kommune erfart som den reine og skjere sanninga, skriv Ulvestad.

I 2016 tok det verkeleg til å rakne, ifølgje innlegget. Då blei kvinna fysisk angripen av ein nabo som hadde så dårleg oppfølging at han klarte å angripe henne. Ifølgje innlegget blei ho slått fleire gonger. Familien blei ikkje varsla, men då dei fekk vite det, blei saka straks klaga til Fylkesmannen som opna tilsynssak. Konklusjonen var at kommunen hadde brote kravet om forsvarlegheit i helsepersonellova.

Fekk frist

Kommunen fekk frist til å lage plan for å unngå slike hendingar i framtida. Medan prosessen held fram, blei kvinna angripen av utagerande nabo igjen – trass i styrka oppfølging. Etter fleire utsetjingar fekk kommunen frist til 8. juni om tiltaksplan, og det var i samband med dette pårørande fekk vite at kommunen ønskte å flytte kvinna til ny bustad – mot hennar vilje.

Ifølgje Ulvestad er det no over 18 månader sidan første valdshandlinga mot kvinna, utan at kommunen har gjort varig gode endringar i oppfølging av henne.

Vil ikkje kommentere

Sula-rådmann Leon Aurdal har fått lese innlegget, men ønskjer ikkje å kommentere det.

– Sula kommune kommenterer ikkje saker om brukarar i media. Vi kommenterer derfor ikkje dei opplysningane og påstandane som kjem fram i lesarinnlegget. På generelt grunnlag kan vi likevel seie at vi ønsker å samarbeide nært med pårørande, også i denne saka, skriv Aurdal i ein e-post til Sunnmørsposten.