Nødetatane rykte like etter klokka 18.30 i kveld ut til ei trafikkulukke på rv 15, om lag 7 kilometer vest for Stryn sentrum.

Politiet meldte på Twitter at ein motorsykkel hadde køyrt av vegen.

- Ein person skal vere involvert. Skadeomfanget er førebels ukjent.

Oppdatert:

Naudetatane er framleis på staden saman med luftambulanse. Det blei utført livreddande førstehjelp på staden.

- Men livet sto dessverre ikkje til åredde og personen blei erklært omkomen klokka 19.20. Pårørande er varsla, opplyser Vest politidistrikt.

Vegen er førebels stengd.

Ulukka skjedde i krysset ved Blekesvingen mellom RV15 og FV698 Panoramavegen og det ingen andre kjøretøy involvert, opplyser Vest politidistrikt sin pressekontakt.