(Møre-Nytt) Voldsfjordkryssing AS, som har som mål å erstatte Folkestadferja med ei bru, presenterte onsdag fleire løysingar for korleis dei vil få til dette.

Kort fortalt er målet å byggje ei bru over fjorden, noko som vil gje Volda og Ørsta om lag 40 kilometer kortare ferjefri veg til midtre og ytre Nordfjord og Bergen.

– Bu og arbeidsmarknaden vil verte utvida med om lag 20.000 menneske, seier Odd A. Folkestad, dagleg leiar i bruselskapet.

I ein animasjonsfilm laga av Nordwest3D, kjem det fram at det vert arbeidd med to bruløysingar. Eitt alternativ er at brua går frå Folkestad sentrum til Andaneset. Det andre er ei litt kortare bru mellom Greivsneset og Krumsvikneset.

Sjå video her:

Klaff eller fast høgd

For å sleppe skipstrafikk gjennom, ser selskapet føre seg at det kan byggjast enten ei skipssluse (ein klaff som opnar seg når det kjem større båtar), eller ei forhøging i eine enden av brua, så ho får ei fast seglingshøgd.

Om brua vert realisert, vil ho verte kring to tusen meter lang. Til samanlikning er Nordhordlandsbrua 1.614 meter lang.

– Ei hengjebru med eit slikt spenn, er ikkje økonomisk gjennomførbart. Ei flytebru er derimot mogleg å byggje med dagens teknologi, finansiert med tilgjengelege offentlege midlar og brubillett, seier Folkestad.

– Kan produserast lokalt

Odd A. Folkestad har med andre ord store vyar for korleis Voldsfjorden kan verte ferjefri i framtida.

– Ei bru vil ha stor samfunnsnytte og bety mykje for Volda/Ørsta-regionen. Ein vil få ei stor utviding av bu- og arbeidsmarknaden.

Folkestad ser også føre seg at byggjeprosessen vil kome lokalt næringsliv til gode, mellom anna om ein lagar dei prefabrikkerte elementa i Møre og Romsdal.

– Med dei løysingane som er framstilt, vil ho kunne utviklast av industrien på våre kantar. Vi har basert brua på kjende teknologiar.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt