I 24 timar har Therese Falk frå Hareid sprunge på ei tredemølle på Skullerud Sportssenter direkte på VGTV. Dette for å prøve å slå verdsrekorden i 24-timarsløp på tredemølle for kvinner. Målet på 250 km vart dessverre ikkje nådd, men med seg heim fekk ho ein solid nordisk rekord på 216,99 km.

Problem

Løpet gjekk greitt, heilt til Therese gjekk på ein smell og fekk ei tøff natt. Etter å ha holdt ei fart på rundt 11 km/t i 10-11 timar, byrja ho å få magetrøbbel då natta kom. Dette førte til at ho måtte av tredemølla, og på toalettet for å spy.

Skal slappe av

Med seg på tredemølla fekk Therese følgje av fleire kjendisar, som Lene Alexandra, Erlend Elias, Dennis Vareide og Frank Løke. Då monsterløpet var ferdig, var det ein tydeleg prega Therese som vart intervjua av VGTV.

På spørsmål om det var vemodig å vere ferdig med løpet, svara ho at ho ikkje kom til å sakne tredemølla med det første.

Vidare fortalde ho at resten av dagen skal ho slappe heilt av.