Det er Radio 1 sine lyttarar som har kåra Hellesylt til vinnaren. Det var Sunnylvingane sjølve som hadde nominert badeplassen sin, ettersom Radio 1 køyrde ein konkurranse kvar veke i juni, kor dei fire finaste plassane i landet blei kåra.

Pernille Wikøren frå Radio 1 tok sjølv turen til Sunnylven for å sjå det heile med eigne auge. Med seg hadde ho eit reisegåvekort på fem tusen kroner, badetøy, kamera og mikrofon slik at ho kunne dele det heile på Facebook.

– Ein velfortent førsteplass, var dommen til Wikøren, ifølgje Sunnmøringen.