To bilar i front mot front-ulykke i Stryn

I alt fire personar blei frakta til sjukehus.

KOLLISJON: To bilar kolliderte på riksveg 15 ved Blekesvingen tysdag føremiddag.   Foto: Thomas Thaule, Fjordingen

Nyheter

Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter, klokka 11.33 tirsdag.

Oppdatert: Tirsdag kveld opplyser Helse Førde i ei pressemelding at ei kvinne hadde moderate skadar, en kvinne hadde lettare skadar, og resten var uskadd etter hendinga.

To personbilar og i alt fem personar er involvert i ulykka, opplyser politiet.

To personar er kritisk skadd, to personar er lettare skadd og en er uskadd, opplyser Vest politidistrikt til Sunnmørsposten.

Ulykka skal ha skjedd på riksveg 15, midt i Blekesvingen, ved avkøyringa til Hennebygda i Stryn.

Det er svært glatt på staden, og noko som minner om oljesøl. Det er uvisst om dette har komme etter kollisjonen. Det er i ferd med å danne seg lange køar i området, melder NRK Sogn og Fjordane.

Helse Førde AMK opplyser at fem personar er frakta til Førde sentralsjukehuset.

Oppdatert: Vegen er opna, opplyser politiet klokka 13.50.


Politiet vil sjå på ulukkessving etter dødsfall

Kvinna som omkom i MC-ulukka i Stryn tysdag var frå Harstad og var på ferietur i distriktet saman med mannen sin.