Ein bil skal vere innblanda i ei trafikkulukke i Ørskog måndag ettermiddag.

To personar skal ha vore i bilen og naudetatane er på veg, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter litt etter klokka 15.

Kort tid etterpå opplyser politiet at bilen skal ha hamna i grøfta. Ein av personane skal ha blitt sittande fast i bilen.

Ulukka skal ha skjedd i 80-sona kring ein kilometer aust for Sjøholt. Trafikken blir dirigert på staden.

Oppdatering: 16.30 melder politiet via Twitter at vegen er open igjen, og at trafikken går som normalt.

Dei to involverte skal vere eit ektepar frå Nederland, og er frakta til legevakt for sjekk.