Denne saka vart først publisert i MØRE-NYTT (+)

Vel to månader seinare er det likevel ingen bitter, ung mann som no kjempar for å kome seg tilbake.

– Eg har hamna i ein alvorleg situasjon som snudde livet mitt på hovudet. Men det siste eg vil er at folk skal synest synd i meg.

Ekstremsport. Det har 21 år gamle Bernt Marius Rørstad frå Volda vore mykje oppteken av siste åra. Den unge mannen har alltid likt å stå på ski. Men han ville meir, ha større utfordringar, meir spenning, kjenne adrenalinet boble i kroppen.

Friskus: Bernt Marius Rørstad elskar å utfordre seg sjølv. Han har 24 fallskjermhopp bak seg.

For eit par år sidan starta han med frikøyring, I vinter var han med i noregscupen i dette, og låg rundt topp ti. Og i april var han med på X2 i Volda i frikøyring.

I fjor haust, då snøen kom, starta han med speedriding. Dette handlar mellom anna om å flyge ned fjellsider i ein liten paraglidarskjerm. Dette året gjekk han også på ekstremluftsport-linja på Voss folkehøgskule der han fekk prøve paragliding, fallskjermhopping og mykje frikøyring.

– Eit fantastisk skuleår, ja, det beste året nokon gong, fortel friskusen.

I mai avslutta han skulen, reiste heim til Volda, full av gode minne, mange sterke, kjekke opplevingar, og med vennskapsband som alltid vil vare.

Loen

Det er tysdag 15. mai, to dagar etter skuleslutt. Bernt Marius Rørstad er lei for at den gode skuletida er over, men glad for at det snart er sommar, og at han har mange planar. Lysta til å flyge er framleis stor, og Bernt Marius tek turen til Loen for å drive speedriding frå fjellet Hoven, endestasjonen for den populære pendelbana, 1011 meter over havet.

21-åringen kallar seg framleis nybyrjar, sjølv om han har 230 flygeturar med skjermen, sytti av dei frå Hoven. Han er difor godt kjend i området. Og dette handlar om nokre rutineturar. Forholda for flyging har vore gode heile dagen, og Bernt Marius nyt den eine turen etter den andre saman med fleire røynde pilotar. Etter tre turar takkar ein av dei beste speedriding-pilotane i landet for seg, og dreg på arbeid. Klokka er tre, det er snart på tide å gi seg, tenkjer Bernt Marius. Men han vil berre ta ein siste tur, og utnytte den fantastiske dagen fullt ut.

21-åringen står på toppen, konsentrert. Han tek sats og byrjar å springe nedover. Så lettar han. Han er i lufta i kanskje ti sekund. Han er ikkje heilt sikker. Flygeturen vert i alle fall kort. Og det han er sikker på er at det går gale. Skikkeleg gale. Plutseleg vert lufta veldig turbulent. Bernt Marius har ikkje nubbetjangs og mister fort trykket i skjermen og skjermen kollapsar. Han trynar i bakken.

Helikopter: Redningshelikopteret heisa Bernt Marius Rørstad om bord ulykkesdagen. Han blei flydd til Haukeland sjukehus i Bergen.

Haukeland

To timar seinare: Bernt Marius ligg i ei seng på Haukeland universitetssjukehus, sterkt forkomen. Store smerter vert lindra med sterk medisin. Føtene er knuste. Og det visste han. For då Bernt Marius ligg i skråninga på Hoven, åleine, sterkt forkomen, kjem sjokket: Knoklane på begge beina stikk ut frå sokkane hans. Adrenalinet kokar så mykje at smerta enno ikkje plagar så mykje. Han ropar om hjelp, og eit ungt par kjem etter kvart springande og gir god og roande hjelp.

Ekstremsportveko: Bernt Marius Rørstad var på plass att på Voss under Ekstremsportveko, denne gongen i rullestol. Her prøver han skjermen.

På sjukehuset sovnar Bernt Marius og kikar i auga til fleire legar då han morgonen etter vaknar. Han får meldinga: Venstrefoten ser grei ut, han skal verte tilnærma som før. Nasen som er broten er ingen problem, heller ikkje rifta i lunga. Høgrefoten derimot. Det kan gå mot amputasjon. Det er eit hardt slag for ein som elskar å vere aktiv i naturen.

Rehabilitering

To månader seinare: Bernt Marius Rørstad er på Nordås Rehabiliteringsklinikk ved Haukeland. Der har han vore sidan 6. juni. Mannen sit i rullestol, men i neste veke håper han å få byrje med krykker. Han har starta prosessen med å kome tilbake, kome seg på føtene, og ein del av dagane går med til å få tilpassa ein protese på høgrefoten. 15 centimeter under kneet kappa legane foten. Dei kunne ikkje gjere anna: Foten mangla så mange bein og sener at det ikkje var noko å lappe saman.

Men den som trur det er ein deprimert, bitter mann som no brukar dagane til å synest synd i seg sjølv, tek veldig feil. Ikkje for det: Mannen er prega av situasjonen og alvoret, men Bernt Marius taklar dei tunge glimta i kvardagen med humor og sjølvironi, og når han spøkjer om skadane, vert det også lettare for folk rundt han å spørje om situasjonen hans, utan å vere redde for å seie noko «gale».

– Frå første dag etter ulykka har vener og familie vore på besøk, og dei fekk meg ganske fort til å skjøne at eg ikkje var ein amputert person, men at eg har ein amputert fot. Med denne erkjenninga på plass snudde den mentale prosessen, seier Bernt Marius.

Han legg ikkje skjul på at det har vore ein lang og trist sommarferie.

Ski: Frikøyring er noko Bernt Marius Rørstad har vore god i. Her svevar han over snøen.

– Første tida etter ulykka var eg bitter, og syntest litt synd i meg sjølv. Men ikkje no. Eg har kome fram til at eg vil gjere det beste ut av situasjonen. Alternativet er jo at eg gir opp, og stagnerer. Men kva slags liv hadde det vore?

– Kva tenkjer du om ulykka?

– Ja, det gjekk gale, og eg hadde uflaks med vinden, likevel var det sjølvsagt min feil at eg hamna i denne situasjonen. Eg driv jo med risikosport. Eg har gjort alt for å minimere risiko og å vere eit godt forbilde, og eg har prøvd å vere ein av dei i miljøet som driv ekstremsport på ein fornuftig måte, og ikkje vere bajas. Det ironiske er likevel at eg sit her med ein fot som manglar halvparten.

– Kva tenkjer du om det?

– Eg tenkjer at det faktisk kunne gått verre, mykje verre. Livet er fullt av sjansar og moglegheiter, og noko av det ein gjer inneber risiko. Slik er det å leve.

– Angrar du på at du starta med speedriding?

– Nei, eg angrar ikkje i det heile fordi dette har gitt meg så stor glede.

Som før

Legane har sagt at Bernt Marius om ei tid skal kunne gå som før, og at ingen vil merke at han har protese. Han er sjølvsagt glad for at han ein dag kan leve livet som før, og han ser ingen grunn til å skjule at han får protese.

– Eg har gått i shorts og vist fram stumpen. Og ja, eg er handikappa og har sete i rullestol. Men ingen handikappa har noko å skamme seg over. Eg har oppdaga at folk flest er veldig hjelpsame, likevel er det ein jobb å gjere for å legge forholda til rette for rørslehemma. Det veit eg no.

Skrekken?

Kva med framtida, er tida med ekstremsport over? Har han fått skrekken?

– Vel, mor mi hadde nok sett at eg gav meg no, og slutta å ta sjansar. Men eg vil framleis oppleve ting som triggar meg, og som gir ekstraordinære opplevingar. Men eg kjem nok ikkje til å drive speedriding som før, men heller gjere det med ski på beina.

Bernt Marius opplever tøffe tak, men er likevel full av optimisme i ein situasjon der venner stiller opp på alle måtar og støttar han. Det varmar mykje, og er svært viktig for han. Bestekompisen Erik Bø var på sjukebesøk nærast kvar dag i tre veker, noko Bernt Marius er svært takksam for. Under Ekstremsportveko på Voss hadde han permisjon frå rehabiliteringa, og på Voss hadde han ei fantastisk helg med vener frå folkehøgskulen.

Store mål

21-åringen har «hårete» mål. Eit av dei er igjen å kome mellom dei ti beste i landet i noregscupen, og konkurrere med funksjonsfriske, i frikøyring på ski. Før vinteren kjem ønskjer han også å ta fallskjermlisens. No manglar han berre to hopp.

Ikkje nok med det: Saman med ein av lærarane frå folkehøgskulen har han lagt planar for neste sommar om å kome seg på toppen av Store Skagastølstind (2405 moh.) – med protese sjølvsagt. Ein av dei tøffaste fjellturane i landet.

– Eg har vore der ein gong før, så eg veit kva utfordringar denne turen byr på, seier Bernt Marius.

Den aller tøffaste utfordringa vil kanskje vere å ta turen til Hoven igjen.

– Eg vil flyge frå Loen att for å overvinne frykta. For eg vil ikkje gå resten av livet og vere redd for Hoven. For eg vil ta tilbake gleda!

No har Loen Skylift (Hotel Alexandra) bygd eigen rampe for luftakrobatane. Les meir her.

Friskus: Bernt Marius Rørstad elskar å utfordre seg sjølv. Han har 24 fallskjermhopp bak seg. Foto: privat
Helikopter: Redningshelikopteret heisa Bernt Marius Rørstad om bord ulykkesdagen. Han blei flydd til Haukeland sjukehus i Bergen. FOTO: BENGT FLATEN/Fjordingen Foto: Bengt Flaten
Ekstremsportveko: Bernt Marius Rørstad var på plass att på Voss under Ekstremsportveko, denne gongen i rullestol. Her prøver han skjermen. Foto: privat
Ski: Frikøyring er noko Bernt Marius Rørstad har vore god i. Her svevar han over snøen. Foto: privat