(Møre-Nytt) Steinraset som kom nedover dalsida var så massivt at det skapte ei ny, naturleg demning for elva som rann gjennom botnen av dalen.

Til saman hamna ni sel under vatn etter kvart som vasstanden steig opp langs raskanten. Ingen menneske eller buskap omkom som følgje av raset, men støylen gjekk naturlegvis tapt. I dag er Lygnstøylsvatnet eit populært mål for dykkarar, som kan symje rundt blant ruinar og gamle tre. Det vert på det sterkaste oppmoda om å ikkje røyve noko av det som har vore bevart på botnen av vatnet i meir enn eit århundre.

Om ein køyrer gjennom Norangsdalen på ein stille dag, kan ein stogge langs vegen og sjå på ruinane frå vasskanten.

Desse bileta er teke med drone, noko som gjev eit fugleperspektiv på sela, trea og steingardane som ligg langs botnen.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.