– Jo, det krevst litt presisjon for å få utstyret på plass der det skal vere. Den største utfordringa er vekta, seier styrmann Jarle Yndestad frå helikopterselskapet Airlift.

Supersterkt helikopter

Saman med kaptein Bjørn Frode Amundsen og teknikar Gustav Svanstrøm er han mannskap om bord i AS332 C Super Puma til Airlift. Dette helikopteret skal vere det einaste i sitt slag i Nord-Europa når det gjeld løfteevne, og det manglar visst ikkje på oppdrag korkje i Norge eller andre stader i Nord-Europa. Helikopteret har også vore på oppdrag i Afrika.

Mannskapet har akkurat landa like ved Ljøtunnelen i Strandadalen for å få oversikt over oppdraget som ventar.

Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) er i gang med det treårige prosjektet på Åkneset for å vurdere om det er mogleg å drenere Åkneset og dermed gjere eit ras frå området mindre farleg. Totalt skal det borast minst seks hol, kvart i gjennomsnitt 300 meter djupt. I vinter vart 600 meter med prøver frå i fjor analysert, og arbeidet held fram ved nye prøver.

Utstyr på plass

Øvst i Strandadalen står utstyr som selskapet Geo Drilling skal nytte, ein borerigg, aggregat, ein verkstadcontainer og ei naudbrakke. Alt må på plass før ein kan starte årets arbeid. I tillegg skal gravemaskinen inn for å rydde plass til nok ein borestad.

Arbeidet er allereie forseinka. Mykje snø i området tidlegare i vår gjorde det vanskeleg å få på plass vasslangar frå Instevatnet, inst i Fjørstaddalen mellom Åkernesnibba og Flosteinnibba.

Klargjort: Borestaden (til høgre) er gjort klar for utstyr og mannskap. I heile sommar og tidleg haust skal det borast ned i fjellet for om mogleg å drenere vatn ved Åknesremna.

Vasslangar er lagt om lag tusen meter ned til borestaden, som ligg på 400 meters høgde. Her vil folka frå Geo Drilling ha arbeidsstaden sin dei neste vekene.

Selskapet frå Namsos har spesialisert seg på slike oppdrag, men Alexander Haug og Alf Egil Larsen vedgår at dette er noko av det mest ekstreme dei har vore med på.

Minigravar i ura

Bratt arbeidsplass: Airlift løfter tungt utstyr frå Strandadalen til Åkerneset på oppdrag frå NVE. Magne og Vidar Almstad frå Valldal ventar på gravemaskinen i det bratte terrenget.

I ei ur nokre hundre meter under og aust for det såkalla «Ørnereiret», like ved ein større rasstad, har Magne og Vidar Almstad frå Valldal rydda terrenget og gjer klar til å få på plass minigravaren.

Då Sunnmørsposten sin medarbeidar var med flygar Ole Andreas Hestenes og styrmann Jarle Yndestad i eit av helikoptera for inspiserte dropstadene, var det vanskeleg å forstå korleis ein minigravar kan stå støtt i det bratte terrenget, og langt mindre arbeide der. Men med gode feste og øvde folk, vil dette truleg gå godt. Dei har gjort jobben før.

Tryggleiken blir sett framfor alt i desse oppdraga.

Kaptein Bjørn Frode Amundsen vurderer vekta på gravemaskinen som skal fraktast til fjells. Foto: Johan Behrentz
Gravemaskinen veg 3,6 tonn, men lar seg lett løfte av Airlifts Super Puma som har ein løftekapasitet på fire tonn. Foto: Johan Behrentz