– Eg har i halvanna år gått og sysla med tankane om å få til noko spenstig i dette særs spanande området.

Arnulf Goksøyr er entusiastisk når han skal fortelje om dei nye byggjeplanane sine på Runde, på eit areal like ved overnattingsstaden Christineborg, som han allereie eig.

Fjordgløtt, står det gjerne i eigedomsprospekt i hovudstaden. Det betyr ofte at om ein står oppe på ein stol kan ein kanskje ane ei smal stripe av Oslofjorden mellom to hus.

Mykje havutsikt

Dei ni planlagde hyttene til Goksøyr får derimot svært mykje havutsikt.

– Om sommaren vil folk på hyttene kunne sjå både soloppgang og solnedgang, seier han.

Det er difor ikkje tilfeldig at arbeidstittelen på hytteprosjektet er «Runde Panorama».

Goksøyr, mest kjend som ordførar i Herøy, forklarer at hyttene skal plasserast i terrenget, og ikkje oppå haugar.

Dei skal også vinklast ulikt og ligge slik til at dei ikkje sperrer for utsikta til kvarandre.

Sporstøl Arkitekter har levert dei første skissene, og no startar arbeidet med reguleringsplanen.

Framleis er det ein del som ikkje er klart. Mellom anna finansieringa. Ja, Arnulf Goksøyr, som står åleine bak planane, veit enno ikkje kor mange millionar dette vil koste. Men det er snakk om fleire titals, legg han til.

Eige eller leige

– Skal hyttene leigast ut?

– Det kan både bli utleige og sal – eller kanskje ein kombinasjon. Utleige kan då kanskje skje i samband med drifta av Christineborg.

Her har det den siste tida budd verftsarbeidarar. No har desse flytta ut, og delar av Christineborg skal pussast opp.

– Det blir ikkje drift her igjen før neste år, legg Goksøyr til.

Det som iallfall er sikkert er at Goksøyr vil gjere færrast mogeleg inngrep i naturen i samband med hyttebygginga.

I forklaringa som følger skisseprosjektet står det at bebyggelsen skal tilpasse seg naturen, og ikkje omvendt. Fritidsbustadane skal difor plasserast med omhug i terrenget, og pelast opp i forkant ved behov.

– Ei tilnærming med respekt for naturen som vil forsterke atmosfæren i området og på hyttene, heiter det vidare i papira som no er sendt til Herøy kommune for behandling – sjølvsagt med Goksøyr på gangen.

Det er også lagt vekt på at ikkje nye vegar skal prege området i særleg grad:

– Kanskje blir det mogeleg å køyre med bil heilt fram til hyttene. Men tanken er at det skal vere felles parkeringsområde, og så skal ein gå dei siste meterane fram til hytta.

– Kor store blir hyttene?

– Eg ser for meg tre variantar, og hytter på mellom 80 og 90 kvadratmeter. Då er det snakk om hytter med to soverom og alkove. Det blir då overnattingsplassar for fire til seks personar i kvar hytte.

– Når kan hyttene stå ferdige til bruk?

– Ettersom reguleringsarbeidet tek til no, så reknar eg med at det kan gå ca. tre år før hyttene er innflyttingsklare.