20 år gamle Ingrid Alice Mortensen frå Lillestrøm og eitt år eldre Tora Øgrim frå Oslo ler og pratar i munnen på kvarandre, som om dei skulle vere gode vener frå mange år tilbake.

Men sanninga er at dei møtte kvarandre for første gong måndag kveld over ein kopp kaffi på studentkroa Rokken.

Dei har forresten noko anna til felles: Volda er totalt ukjend land. Tora har vore i Bergen, Ingrid i Kristiansund. Det er deira erfaring med Vestlandet.

Tysdag var dei på plass då Høgskulen i Volda hadde si offisielle semesteropning.

Høg status

Begge to er spente på korleis det skal bli å vere student i bygda.

– Vi har lyst til å jobbe med radio og tv, og då har vi fått vite at dette er staden å studere. Skulen i Volda har høg status.

Det hadde rektor Johann Roppen likt å høyre. Men han er altfor oppteken med å kike spent ned på manusarka sine før han skal opp på scena framføre mange hundre studentar og tilsette, og nokre inviterte gjestar.

– På Høgskulen vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt nye menneske, skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine medstudentar og lærarar, seier Roppen.

Side Brok

Rappen var det derimot Side Brok og elevar frå Øyra skule som stod for, og der høgdepunktet for mange var då rappar Runar Gudnason saman med Øyra-elevane framførte «Nordmannen» av Ivar Aasen.

– Framtidige studentar, håpar Roppen og peikar på elevane frå Øyra.

– Tidlegare student, la han til og presenterte Mah-Rukh Ali, kjend frå nyheitsavdelinga i NRK og seinare TV2, men no kommunikasjonssjef i CARE Norge.

Ali mintest då ho sjølv kom til Volda i 2003, 21 år gamal, for å studere journalistikk.

Det var litt av ein overgang for henne å kome nærast direkte frå eit studieopphald i millionbyen Lahore, til å ete svele i kantina på Høgskulen.

– Eg vil kome med ei oppmoding som kanskje ikkje er så populært på ein skule: Dyrk lidenskapane dine.

Og ho la til: Hald fast på nysgjerrigheita di. Sjølv har eg alltid brent for journalistikken, for å skrive.

PS. Studentprisen for 2018 vart delt ut til Oda Næs Skoglund, mellom anna revysjef og leiar for dokfilmfestivalen.

Elevar frå Øyra skule og rapparen Runar Gudnason frå Side Brok underheldt studentane med «Nordmannen» av Ivar Aasen. Foto: Terje Engås