– I skipsregisteret heiter skipet no «Lille Embla», fordi vi ikkje fekk lov til å kalle den «Volda». Men vi bruker «Volda» i daglegtalen, og overnattingstilbodet kallar vi «Volda Floating Home», fortel Rikke Bjerke.

Ho er dagleg leiar for overnattingsstaden i Tromsø. Og ho eig skipet saman med kjærasten Espen Kaspersen.

Bygd på Vestnes

Ferja på 98 fot vart bygd ved verftet L.H. Salthammer i Vestnes i 1961, og vart sett inn på ruta mellom Volda, Folkestad og Lauvstad i 1962.

Oppdragsgjevar og reiarlag den gongen var Volda-Folkestad Bilferje L/L.

Seinare tok Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) over skipet, og det skifta i 1990 namn til «Volda».

I 2008 hamna fartøyet i oppdrettsnæringa, og fekk namnet «Kvatro».

Tusenvis av timar

– Vi kjøpte ferja i 2013, og segla den nordover til Troms for eigen maskin. Deretter starta vi på ei omfattande ombygging som vi har brukt fleire år på, fortel Rikke Bjerke.

Og ikkje minst har dei lagt ned mange tusen arbeidstimar på prosjektet.

Dei som i si tid nytta seg av ferja, anten det var på Voldsfjorden, eller seinare i ruter som Årvik–Koparnes og Stranda–Liabygda, vil ha store problem med å kjenne att «Volda».

14 gjestar

– Det ser nok meir ut som eit flytande hus. Inne er det laga til sju soverom, med totalt 14 overnattingsplassar. Det er dessutan tre bad, tre opphaldsrom, vaskerom- og ikkje minst eit romsleg og velutstyrt kjøken. Det største soverommet har eigen lounge og balkong, fortel Bjerke.

«Volda Floating Home» tok imot dei første gjestane i februar i år, og har sidan hatt godt besøk – takka vere marknadsføring mellom anna gjennom airbnb.

– Responsen frå overnattingsgjestane har vore svært positiv. Og det er fleire av dei som ønskjer å kome tilbake.

– Denne ombygginga av skipet kan ikkje ha vore billig?

– Nei, vi har brukt mykje pengar, meir enn vi hadde tenkt. Det er snakk om ei stor investering, seier Rikke Bjerke – utan å nemne nokre summar.

Prosjektet til paret er forresten ikkje heilt ferdig enno

– Vi arbeider med å få på plass det gamle styrehuset. Det kan kanskje skje allereie i neste veke, seier Rikke Bjerke.

Framtida

No er det altså turistar og bedrifter som bur om bord på ferja. Men målet er etter kvart å bruke skipet som base for guida turar og aktivitetsbasert turisme.

Og så, enda lenger fram i tid, ser paret for seg at dei sjølv skal flytte inn og få sin eigen flytande heim. Men først skal dette vere til utleige.